Fotografi, Intervju

Ung og lovende – sterkt fotografisk håndverk av Signe Fuglesteg Luksengard


Share

Modig er kanskje et passende ord for å beskrive en ung fotograf som Signe Fuglesteg Luksengard. Med et sterkt personlig uttrykk retter hun seg mot kunst- og motebransjen. Spetakkel møtte Signe for å høre litt om hvordan det er å være nyutdannet fotograf i dagens marked.

I en periode var antall søkere til fotografiutdannelser på en bølgetopp. Antall solgte avanserte kameraer på verdensmarkedet har boomet og noen ganger virker det som om alle man møter har en datter eller nevø som knipser. Nå har imidlertidig salget på kameraer sunket kraftig, mange skylder på mobilkameraet, og både folkehøgskoler og fagskoler merker nedgang i interessen. Det er merkbart at flere velger en trygg fremtid med akademisk utdannelse. Gøy er det å se når noen virkelig våger.

Portrett av Margaret Berger for Natt&Dag

Portrett av Margaret Berger for Natt&Dag

– Hva som driver deg som fotograf? – Det å kunne møte menneske eg til vanleg ikkje møter, det å kunne lage si eiga verd, korleis eg ved hjelp av foto kan formidle ei historie eller ei sak driv meg. Det er vanskeleg å forklare, og eg veit ikkje om eg skjønnar det sjølv, men det handlar nok om mitt behov for å uttrykke meg. Få ut kjensler og tankar enten det er via skriving, teikning eller foto. No har det seg slik at eg er betre til å ta bilete enn både og skrive og teikne, så då må tankane berre ut – og foto er blitt min måte å få dette til å skje.

Equal

Equal

Uttrykket som Signe jobber med gjør at man stopper opp for å tenke seg om. Bildene bærer preg av ærlighet, aktualitet og ikke minst ekte håndverk. Ofte går hun fysisk til verks med materialet. – Eg er ikkje ute etter eit perfekt glossy bilete, men heller ei kjensle folk kan kjenne seg att i. Eg har alltid likt å klusse og doddle, men i arbeida mine brukar eg dei mest til å fortelje ei historie. Eg jobbar ut i frå ei historie eller eit konsept, og meiner det destruktive etterarbeidet skal bygge opp under historia, ikkje berre vere til pynt.” fra serien Fredlaus

Fredlaus

Fredlaus

For eksempel var det naturleg for meg å dra inn kaffesøl og oljemåling på ein fashionserie som var basert på eit lokalt sagn om Eivind Fredlaus; ein mann som drap ein annan for så å leve som fredlaus i fjellet i 17 år. Eg følte her at kaffisølet og oljemålinga kunne virke som om bileta kunne gje ei kjensle av å ha ligge ute i naturen kanskje like lenge som Eivind levde og det destruktive etterarbeidet vart difor ein viktig del av historia i desse bileta.  Eit anna eksempel er ein fashionserie som tek for seg kontrasten mellom det perfekte og reine mot det ekle alle har (i denne settingen ei ung jente med porselenhud mot bilete av tampongar, q-tps med øyrevoks o.l. Her valte eg å legge inn innklipp av glitrete julepapir som naseblod frå modellens ansikt og og øyrevoks frå modellen sitt øyre for å understreke poenget tydeleg. fra serien KVIT

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

KVIT

For Signe startet det hele på folkehøgskole i Lofoten. Etter to år i nord og ett i Paris begynnte hun på Fotofagskolen i Trondheim. Her dukket hun stadig opp med bilder i bymagasinet Natt & Dag og sammen med klesdesigner Tone Olsen stillte hun ut en serie i Atelier Ilsvika. I våres ble studiet avsluttet med full klaff på eksamen og nylig åpnet hun utendørsutstillingen Fredlaus, hjemme på Ål. – Dei to siste åra i Trondheim har betydd mykje for meg. Det er her eg har fått tid og rom til å utfolde meg, eg har lært om meg sjølv og om korleis fotograflivet eigentleg er. Eg gjekk frå å ta halvcheesy folkehøgskulebilete til å gjere noko som ser ut som eit ordentleg handverk. Etter to år her sitt eg att med dyktige og gode venner, god kompetanse og flotte opplevingar. På Fotofaskolen tek dei ein på alvor, dei er engasjerte til å utvikle akkurat deg. Eg trur ikkje det er mange skuler som tek personlighetstestar på elevane sine for å guide dei i rett retning for eksempel. Etter to år kjenner eg har fått teknikken på plass for å kunne uttrykke meg på alle vis eg vil.

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

A.Vilde, et samarbeid med klesdesigner Tone Olsen

Nå er hun på vei til frankrike for å assistere for Jock Sturges. Sturges vakte stor oppmerksomhet og skapte diskusjon i Norge med utstillingen sin på Nordic Light i Kristiansund i 2008. – Eg er sjølvsagt nervøs for å hoppe ut i eit usikkert yrke som fotograf, men eg gler meg. Eg har høyrd ein må ha is i magen og leve fattig, særleg i starten – men eg har trua på at det skal gå. Det er større etterspørsel etter bilete no enn nokon gong. Eg får av og til kommentarar om kor hardt det skal vere og kor få det er som klarar det. Hardt vil det vere, det er eg klar over – men kva om du (eller eg for den sags skuld) er akkurat den som greier det?” Se mer av Signes arbeider på www.signeluksengard.com eller følg henne på facebook 1 2 3 4 5 6 7 8 1

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

1 2 3 4 5 6 7 8 1

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

Harsh%Stubborn

cover for Lene Storhaug

cover for Lene Storhaug

Addicted (to you)

Signe Fuglesteg Luksengaard - Spetakkel

Addicted (to you)

Share

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Spetakkelet

Wenzel Prokosch

Seiler og fotograf med lidenskap for arkitektur og uspektakulære landskap. Med bakgrunn fra Lofoten Folkehøgskole og Norsk Fotofagskole jobber han nå som frilansfotograf med hjem og kontor ombord i en seilbåt i Trondheim.